KASTANJER

Av: Heidi Bjørnsdotter Thorvik

Då eg var lita budde me i nærleiken av eit gammalt, tomt pensjonat som låg i skogkanten. Ein forlatt, stor sveitservilla omgitt av digre kastanjetrær. Me ville ha tak i kastanjene, men ferda opp til huset var skummel og såvidt me turde. Me hola nøttene ut med spikkekniv, dytta inn ein pinne og brukte vissen løvetann som tobakk! Det var ikkje mange kransar den gongen! Det begynte eg med seinare.

Mange har eit forhold til kastanjer som litt eksotiske minner frå barndommen. Kanstanjene er framleis eksotiske for oss og vakre.

Her er noko du kan drive med om du liker det du ser! Bruk drill eller benkeboremaskin med tynt borr og lag hol i kvar kastanjenøtt. Det går også med stor nål eller syl og ein liten hammar så lenge dei er ferske og mjuke, tek berre lengre tid. Tre dei inn på streng og lag ringar, hjerter, kransar, uro og gryteunderlag. Kanskje finn du på meir! Og dei er like fine i tørka tilstand året etter.

∞ 

Heidi Bjørndsotter Thorvik ivaretar tradisjonelle håndverksteknikker gjennom produkter hun lager av natur- og gjenbruksmaterialer under navnet VØLT. Hun har en unik materialforståelse som gir tingene hun lager et helt særegent uttrykk. Det gjør produktene hennes til vakre historier i seg selv. Heidi jobber i tilegg som kunst og håndverkslærer i Oslo skolen. Heldige er de barna som får utforske kunst og håndverksfagene i regi av Heidi.  Du kan bli bedre kjent med Heidi og produktene hennes på vølt.no