Slow Design Studio

View Original

VEGEN TILBAKE

Det starta med at eg lot eit spikertre stå igjen utan "greiner" i arbeidet med juleboka “God Jul” , fordi eg likte den litt stusslege og skeive spikeren så godt. Syns eigentleg han var mykje finare utan greiner. Det vart ståande på arbeidsplassen min for å minne meg om min enkle filiosofi:

"Matreialet er der. Ein må berre tenkje på alt ein kan bruke det til."

Av: Heidi Bjørnsdotter Thorvik (Vølt)


Eg vaks opp med ei farmor som kunne kunsten å koke suppe på spiker, og som ofte brukte dette uttrykket. Ho hadde små barn på førti og femti-talet. Det var harde kår for mange fleire enn mi farmor. Dei måtte utnytte ressurser for å klare seg. Sidan var det også ei sterk skaparkraft som vart hennar drivkraft. Ho var oppfinnsam og hadde glede av å skape gråstein om til gull. Det satte spor i mange av oss som vaks opp i hennar nærleik. Den rustne spikeren har blitt eit slags symbol for meg. Eit slags lite "varemerke" har nokon sagt. Eit symbol på bærekraft, på å utnytte ressurser på ein god måte. Og på å reparere /vøle heller enn å kjøpe nytt. Uttrykket "Å koke suppe på spiker" kjem jo, som kjent, frå den gamle kraftkokinga som er henta fram igjen. Ressurser vart utnytta ned til minste, vesle bit. Det står i grell kontrast til bruk og kast mentalitet. Eg trur me må tilbake for å finne vegen fram.

Heidi Bjørndsotter Thorvik ivaretar tradisjonelle håndverksteknikker gjennom produkter hun lager av natur- og gjenbruksmaterialer under navnet VØLT (presentert i egen artikkel). Hun har en unik materialforståelse som gir tingene hun lager et helt særegent uttrykk. Det gjør produktene hennes til vakre historier i seg selv. Heidi jobber i tilegg som kunst og håndverkslærer i Oslo skolen. Heldige er de barna som får utforske kunst og håndverksfagene i regi av Heidi.

”Påminnerne” var utstilt på Down to Earth festivalen vår i September, og da spurte jeg Heidi om vi kunne lage en artikkel om de. En liten påminner kan vi alle trenge, og kanskje spesielt i disse travle førjulsdagene.


FLERE ARTIKLER AV / MED HEIDI BJØRNSDOTTER THORVIK

See this gallery in the original post