FANG HAUSTEN I GIPS

Naturen inspirerer oss. Og naturen har inspirert mange før oss. Mange håndverksteknikkar har sitt utspring i ulike material frå skogen. Nokre av desse teknikkane er kompliserte og krever tid og øving. Me vil også gjerne gi idear til enklare prosjekt. Her får du ein ide til kva du kan lage av ting du drar med deg frå naturen.

EIN IDÉ TIL KVA DU KAN GJERE MED BLAD.

 

Av: Heidi Bjørnsdotter Thorvik

Her starter me opp med eit haustprosjekt. Me syns me er heldige som lever med årstider og alle variasjonane. Hausten er favorittårstid. Den skarpe lufta, fargane, pakke seg inn i store ullgensrar, dra lua ned over øyrene, fryse litt og tenne i peisen etterpå. Ingenting er så fint som å rusle rundt i eit hav av fargesparkande løv. Hausten er tida for å samle inn for oss som må fylle lageret av det som trengs av material: Kvistar, kongler, mose, røter, kastanjer, bøkehamsar, frøkapslar og rognebær. Må rekke det før snøen kjem!

Det einaste du treng er ein haug med haustblad, ein rull med gips, saks du ikkje er så redd for, ei bolle med lunka vatn og evt litt streng til montering. Dekk bordet med papir og du er i gang! ( Ikkje bruk avispapir eller anna papir som avgir farge, dersom du vil ha eit kvitt og reint resultat.)

Klipp opp mange små gipsbitar, også spisse trekantar du kan legge ytterst på blada. Dypp bitane i vatn, legg på bladet og stryk over slik at det blir glatt. Bruk baksida sidan det gir finast avtrykk av nervetrådane. Dekk heile bladet med eit tynt lag av gips. Det er berre fint om dei ytterste spissane blir litt «hårete» av gipsen. La gipsen tørke og dra bladet forsiktig av. Stikk hol med spiss nål om du vil tre dei inn på streng slik eg har gjort.

Vakkert syns me. Det enkle er ofte det beste.

 

Heidi Bjørndsotter Thorvik ivaretar tradisjonelle håndverksteknikker gjennom produkter hun lager av natur- og gjenbruksmaterialer under navnet VØLT. Hun har en unik materialforståelse som gir tingene hun lager et helt særegent uttrykk. Det gjør produktene hennes til vakre historier i seg selv. Heidi jobber i tilegg som kunst og håndverkslærer i Oslo skolen. Heldige er de barna som får utforske kunst og håndverksfagene i regi av Heidi.  Du kan bli bedre kjent med Heidi og produktene hennes på vølt.no

 

Marianne Vigtel Hølland

Slow Design Studio is a creative studio, working to counteract fast life and the disappearance of local traditions. Through a Slow approach to design and communication, I want to promote reflection and a more conscious approach to how the everyday choices you take has consequences, for yourself and others. Slow Design is not a pace, it is a mindset.

http://www.slowdesign.no
Forrige
Forrige

LEV VEL MED GJENOPPDAGET KUNNSKAP

Neste
Neste

HORISAKI HATTER